Work It

Film · 2020 · · 13. februar 2021
3/5

Work It er ein dansefilm frå Netflix med Sabrina Carpenter i hovudrolla. Ho spelar ein high school-elev av det flinke slaget, kor karakterar og skuleaktivitetar er høge og står høgt. Men eit møte med colleget ho ønskjer å gå på, gjer at ho må lære seg å danse. Kor fortalt, for det er opp til deg å oppleve korleis ved å sjå filmen.

Dette er ein ungdommeleg og til dels romantisk komedie, men kanskje med endå meir fokus på dans og musikk. Det har etter kvart blitt mange av desse dansefilmane på både Netflix og andre tenester. Mitt møte med Work It var av det gode slaget, noko mange av dei andre filmane også har vore. Filmen følgjer ein formel som nesten ikkje kan gå feil, så lenge du har dei rette folka bak kamera. Ein konkurranse er målet, i tillegg til personleg motivisjon.

Sabrina Carpenter, som elles både syng og dansar, er artig som stjerne og uerfaren dansar i dette vesle universet. Eg har sansen for måten utviklinga av ferdigheitene hennar blir lagt fram, noko som gir filmen ein litt anna vri enn nokre andre dansefilmar.

Work It stikk ikkje av med noko pris for verken det eine eller andre, men er ein fin og positiv underhaldingsfilm.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Work It 2020 plakat - Filmdagbok

Foto: Netflix

Skodespel

Keiynan LonsdaleLiza KoshyBrianna Andrade-GomesVis alle

Sjangrar

Land