Workaholics

Serie / 2011–2017
3/5

Om eg skal oppsummere Workaholics frå Comedy Central med eit ord, så må det bli lågpannehumor.

Denne serien handlar om tre vaksne menn som bur og jobbar i lag. Dei oppfører seg stort sett som dumme ungdommar, har ingen framtidsutsikter, og bruker fritida på røyking og drikking.

Dei er utskot som trur sjølv at dei er kule, men dei er eigentleg ganske talentlause. Strengt tatt er dei ganske oppfinnsame tatt dei mange sesongane og hendingane i serien til vurdering, men det blir formidla som forma til serien heller enn som fortenesta til karakterane.

I starten var dette ein brå og dryg serie, som gjorde eit humoristisk inntrykk. På eit eller anna tidspunkt roa dette inntrykket seg ned til eit heilt greitt og ikkje spesielt hysterisk nivå. Og der har serien no vore i nokon sesongar.

Med andre ord har ikkje Workaholics altfor mykje å spele på, men kan bli sett på som grei tidtrøyte.

Workaholics 2011-2017 plakat - Filmdagbok

Publisert

18. september 2017 av

Merkelapp

Comedy Central

Skaparar

Blake Anderson (VI), Adam Devine (III), Anders Holm (IV), Kyle Newacheck, Connor Pritchard, Dominic Russo (I)

Skodespelarar

Blake Anderson (VI), Adam Devine (III), Anders Holm (IV), Maribeth Monroe, Jillian Bell, Erik Griffin, Waymond Lee, Kyle Newacheck, Billy Stevenson, Gary Buckner

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Workaholics