World of Warcraft

Spel / 2004
3/5

Som eit spel som har eksistert og utvikla seg over mange år, kan eg med mi erfaring på tre månader på langt nær gi eit fullstendig inntrykk av kva dette spelet er.

Eg starta å spele World of Warcraft når det kom ut. Som ein dverg med ein isbjørn kom eg meg til nivå 30 stort sett på bakgrunn av små oppdrag og sanking. Nokon samarbeidsoppdrag blei det etter kvart, men aldri nokon spelar mot spelar-modus.

Etter to månader med speling hadde eg derimot brukt så mykje tid at eg blei lei av dette. Året etter prøvde eg meg derimot igjen, men enda berre opp med å spele ein månad den gongen.

Eg blei hekta og fascinert av denne rike spelverda, og tykte dei mange timane var vel brukt. Men nok uthald til å halde det gåande med dette i lang tid vidare hadde eg ikkje. Så ei ulempe for meg med denne typen spel er at dei ikkje sluttar.

Ei anna ulempe er at mykje av tida i spelet blir brukt til å komme seg frå stad til stad, og ikkje til faktisk speling.

World of Warcraft 2004 plakat - Filmdagbok

Publisert

9. juli 2013 av

Merkelapp

Warcraft

Skodespelarar

Michele Marie Arko, Tracy W. Bush, Joey Cash, Johnny Cash (II), Victor Crews, Samwise Didier, Tami Donner Harrison, Derek Duke, Michelle Elbert, Brian Farr

Sjangrar

Action, Animasjon, Eventyr, Fantasi

Land

USA

IMDb

IMDb-side om World of Warcraft