World Trade Center

Det blir ingen langt innlegg om denne filmen. Folk veit kva film det er og kva han handlar om. Sjølv hadde eg låge forventingar til filmen. Det prega nok måten eg så han på. For meg kom han aldri over middels på skalaen, men drog heller ut i lengde. På ei anna side var han ikkje kjedeleg heller.

Eg klarte ikkje vere objektiv og heller ikkje å unngå ei samanlikning med United 93. United 93 var ei gledeleg overrasking når eg så han. World Trade Center fekk derimot aldri fram nokon kjensler i meg. Eg blei berre sittande å ta innover meg alt saman utan å føle meg engasjert eller ukomfortabel.

Kva Oliver Stone prøver på i filmen er eg usikker på, han klarar iallfall ikkje å gjere det til eit stort drama. Om han berre skal gi ei vanleg skildring av noko som har skjedd, så klarar han det greitt nok.

World Trade Center 2006 plakat - Filmdagbok

Dato

31. oktober 2006

Forfattar


Skodespel

Nicolas CageMaria BelloConnor PaoloVis alle

Sjangrar

Land