World's Greatest Dad

Eg forventa ein heilt enkel og lett komedie frå World's Greatest Dad, men blei straks overraska då eg starta.

Lance er ein fyr som langt i frå har livet han ønsker. Han har ikkje gjort seg fortent til respekt, og har ikkje oppnådd måla sin. Så tar sonen livet av seg, og i tragedien dukkar det også opp ei moglegheit.

Robin Williams viser seg på sitt beste. Når han får spele både komisk og seriøs i same rolle, går det sjeldan feil. I World's Greatest Dad passar det endå betre, då dette er ein komisk film med eit seriøst tema.

World's Greatest Dad 2009 plakat - Filmdagbok