Worth Winning

Film · 1989 · · 12. august 2016
2/5

Mark Harmon spelar ein vêrmann på tv som har draget på damene. Han får ny kjærast straks eit forhold er i ferd med å bli seriøst, og lev livet utan forpliktingar.

Etter kvart som vennene hans har blitt vaksne og gifta seg, står han igjen som den einaste utan fast følge. Akkurat kva som motiverer vennene hans til å sette i gang eit veddemål, er eg eigentleg ikkje sikker på. Men dei veddar med karakteren til Mark Harmon at han ikkje klarer å fri og få eit ja av tre ulike kvinner i løpet av tre månader, frå kvinner dei har valt ut.

Worth Winning er altså ein noko typisk romantisk komedie kor hovudrolla gjennomgår nokon prøvelsar som er sett i gang av eit veddemål, og oppdagar noko om seg sjølv undervegs. Har du sett ein film av denne sorten, kjenner du til kva som sannsynlegvis skjer.

Worth Winning er verken spesiell eller spesielt godt laga. Det er ein overflatisk film, som ikkje evnar å gjere meg nok kjent med sine karakterar til å bry meg. Noko som er ein føresetnad når handlinga er sopass enkel.

Worth Winning 1989 plakat - Filmdagbok