Wreck-It Ralph

Film / 2012
3/5

Wreck-It Ralph handlar om Ralph som i filmen er ein datafigur i spelet Fix-It Felix, Jr. Når spelet han er med i rundar 30 år, byrjar han å reflektere på situasjonen sin. Han er lei av å vere den slemme karakteren i spelet, og går inn for å endre det.

Endringa til å få det betre vil skje i form av ei reise gjennom andre spel i spelhallen kor konsollen hans står. Han er innom fleire andre oppdikta spel, som har likskapar med typiske spel på arkademaskiner.

Filmen er eit fargerikt og innhaldsrikt eventyr med mange artige innslag av både produktplassering og ekte spelfigurar som Disney har fått anledning til å bruke. Historia me følgjer Ralph i har stort sett ein grei flyt, men stagnerer i blant. Det vil sei at eg har sett betre, men at eg framleis koste meg ein del. Og det var nok til at eg har lyst til å sjå Ralph Breaks the Internet etter kvart.

Wreck-It Ralph 2012 plakat - Filmdagbok