Wu du

Wu du er ein Shaw Brothers Studio-produsert film frå 1978 av Cheh Chang.

Me blir først introdusert for ein døande kampsportmeister og den siste eleven hans. Meisteren røper til eleven at han har lært opp fem elevar før han, som kvar meistrar sin teknikk. Desse teknikkane er: Tusenbein, slange, skorpion, øgle og padde. Eleven får så i oppdrag å oppsøke ein tidlegare kjent av læremeisteren, og åtvare han om at desse fem er på jakt etter han og rikdommen hans.

Når eleven dukkar opp i byen som den rike mannen bur i, så er visst allereie alle dei tidlegare elevane i byen. Men ingen veit kven alle er, og ingen veit kven den rike mannen er.

Ei smått mangefull engelsk underteksting kompliserte ein forholdsvis enkel film. Det er mange karakterar å bli kjent med, hugse namnet på, og plassere i handlinga. Og ufullstendig underteksting hjelpte ikkje her.

Slåstinga er det ingenting å utsetje på. Ho er det både mykje av og imponerande. Derimot er det mangel på ein eller fleire sentrale karakterar å sympatisere med. Dette går utover heilskapen, og resulterer i at filmen blir kjedeleg innimellom. Det blir som om at det som skjer berre skjer for å ta filmen eit steg nærare slutten. Det er ingen spenning i om nokon blir skada, får tatt hemn, eller anna.

Wu du 1978 plakat - Filmdagbok