Wu Lang ba gua gun

Wu Lang ba gua gun er ein Shaw Brothers Studio-produsert film frå 1984.

Filmen handlar om ein familie som blir lurt av dei som skulle vere deira allierte i ein krig. Den eine av mange brør klarar å flykte, og søker tilflukt i eit tempel. Mot ønsket til prestene i tempelet blir Yang Wu-lang, også kalla den femte broren, verande. Den femte broren er spelt av Chia-Hui Liu, blant anna kjent for Shao Lin san shi liu fang.

Filmen byggjer historia på forræderi, flukt og hemn. Det blir bygd opp mot eit klimaks på slutten, så det er trygt å sei at filmen har god framdrift og eit mål med dette. Det er fleire historier som blir kryssa, men det er lett å halde tråden, og også lett å la seg engasjere.

Etter å ha sett Shao Lin san shi liu fang forventa eg her eit tempelbesøk med mykje trening. Men den femte broren er god til å slåst med stang i utgangspunktet, og filmen handlar meir om det mentale. Det betyr ikkje at filmen ikkje er flust av verken kampscener og kamptrening.

Som så mange Shaw Brothers Studio-filmar så er dette ein film som typisk er spilt inn i studio. Den store krigsscena som opnar filmen er nok spilt inn i eit større rom. Det er lett å sjå kor rommet sluttar og veggen som utgjer horisonten startar. Sånn er dei fleste eksteriørscenene i filmen. Eg har sansen for denne typen kulisser. Når miljøet blir avgrensa på denne måten opnar dei potensielle omgivnadene rundt seg for fantasien.

Wu Lang ba gua gun 1984 plakat - Filmdagbok