Wyatt Earp

Wyatt Earp er ein nyare westernfilm med Kevin Costner i hovudrolla som Wyatt Earp. Det er tidlegare laga fleire filmar om denne vidkjente lovmannen, som ein av John Ford i 1946 som heitte My Darling Clementine og Tombstone frå 1993 med Kurt Russell.

Wyatt Earp tar for seg livshistoria til mannen, ikkje berre enkelte periodar frå livet hans. Som eit dokumenterande, hollywoodisert westernepos fungerer dette godt.

Tre timar er lenge. Litt for lenge faktisk. Men innstilt på ein lang film er det inga tolmodprøve. Mange gode biroller gjer at det blir skapt ein heilskap som passar rundt Earp-familien og då spesielt Wyatt. At filmen heller ikkje prøver å skape ein perfekt helt er ganske så forfriskande. Han tar heller utgangspunkt i å prøve og forklare ulike val han tar med forhistoria hans. Om ikkje den beste westernfilmen, så likevel ein god ein.

Wyatt Earp 1994 plakat - Filmdagbok

Dato

27. august 2007

Forfattar


Skodespel

Kevin CostnerDennis QuaidGene HackmanVis alle

Sjangrar

Land