X: First Class
X: First Class fortel historia om korleis X-Men blei til. Året er 1962, og mennene som er Professor X og Magneto er framleis to vanlege menn, som ikkje aner sine krefter.
Med ei gruppe andre mutantar prøver dei å stoppe ein trussel frå ein vond mann som ønsker verdsherredømme. Filmen går inn for å fortelja denne historia, som gjer seg bruk av det historiske forholdet mellom USA og Sovjetunionen. I tillegg til at han fungerer som ein forløpar og ei mjuk nystarting av X-Men-filmane.
Forholdet og ulikskapane mellom Professor X og Magneto er ein av dei drivande kreftene i filmen, som gir han noko meir i tillegg til å vere ein klassisk action- og superskurkfilm. Det er denne biten av filmen som gjer at eg likar han noko. Og eg skulle ønske det var meir av dette her. Det er ein ingrediens som fungerer i X-Men.
