X-Men: Apocalypse

Film · 2016 · · 17. januar 2021
3/5

Ei rekke gjensyn med X-Men-filmane er gjennomført, og har gått over til å bli møte med tidlegare usette X-Men-filmar. X-Men: Apocalypse er ein film som har fått nokon år på nakken, men som eg ikkje har fått sett før no. Det har nok med at eg gjekk litt lei av å følgje med på Marvel-filmar, som aldri såg ut til å ta nokon ende med oppfølgjarar. Men som eit sjølvstendig løp med X-Men-filmane blei det interessant å plukke opp dei lause trådane derifrå.

Det har gått gode tre veker frå eg såg filmen til eg no skriv dette innlegget. Avstanden i tid har gjort at eg i stor grad har gløymt kva han handla om. Nokon brotstykke her og der, og kven skurken var, men ikkje så mykje om enkeltdelene filmen bestod av. Dette fenomenet, nemleg å gløyme, er ein ting som skjer med actionfylte filmar utan for mykje historie eller karakterbygging. Forstå meg ikkje feil, X-Men: Apocalypse var ein heilt grei og underhaldande film som gjorde nytten sin når eg såg han. Men til ettertanke byr han ikkje på stort. Det er ikkje ein minneverdig film på grunnlag av val filmskaparane har gjort.

For å krydre det heile med litt faktisk kritikk, så synst eg at dette er i overkant når det gjeld øydelegging. Gjort rett så er det verre å sjå ein person på film få klemstra handa si, enn å sjå ein by bli lagt i grus med spesialeffektar i Marvel-stil. Dette kan stå som ei forklaring på kvifor X-Men: Apocalypse ikkje gjorde det største inntrykket.

Les også meldingar på p3.no (norsk) og filmfront.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
X-Men: Apocalypse 2016 plakat - Filmdagbok

Skodespel

James McAvoyMichael Fassbender (I)Jennifer Lawrence (III)Vis alle

Land