X-Men: Days of Future Past

Film · 2014 · · 12. januar 2021
4/5

Det kjem X-Men-filmar i bøtter og spann. Nokon gode, andre greie. I eit forsøk på å plassere X-Men: Days of Future Past, vil eg sei at han er midt i mellom god og grei.

Her handlar det om reising i tid. Ei interessant blanding av notid, fortid og karakteren Wolverine som kryssar mellom tidene gjer filmen meir ein til tanketom actionfilm. Det krev ikkje mykje, men litt for å holde styr på kva som skjer. Og filmen har løyst det godt.

Eg har sansen for at me møter dei unge versjonane av blant anna Xavier. Det gir eit innblikk i karakteren hans, som er til hjelp for å bli noko meir interessert i alle desse X-Men-filmane som Marvel dyttar på oss.

Om filmen alt i alt har eg altså ikkje all verda å seie i den eine eller andre retninga. Det er få Marvel-filmar som du må sjå, og X-Men: Days of Future Past er blant dei som det ikkje skadar å gløyme, men i rett humør kan han vere grei underhaldning.

X-Men: Days of Future Past 2014 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Hugh JackmanJames McAvoyMichael Fassbender (I)Vis alle