X-Men: The Last Stand

Film · 2006 · · 5. januar 2021
3/5

Eg trekk tilbake det eg skreiv i førre innlegg om å velja ut kven som er best i X-Men-serien. Det er tydeleg at denne her manglar noko samanlikna med den førre. Akkurat kva er eg usikker på. Kan det vere noko Bryan Singer gjorde ulikt frå Brett Ratner i regisseringa av filmen? Kan det vere detaljar? Eller er det historia? Eg ser ingen tydelege svakheiter, men heilskapsinntrykket blir likevel annleis.

Ein ting som iallfall ikkje passar i denne filmen er presidenten. Han dukkar opp i små klipp og seier ting som er heilt på trynet og ikkje passar i flyten til handlinga.

Den store krigen var ikkje så stor som eg hadde håpt på ut i frå filmtraileren og små klipp frå filmen som blei gitt ut i forkant. Men det er likevel X-Men, og eg har blitt glad i dette universet ut av tre filmar. Men eg føler likevel ikkje at eg har fått så mykje solid historie og kunnskap til karakterane. Det er vel kanskje ikkje poenget heller med desse filmane?

Eg gir filmen same vurdering som den førre, men sjå på det som ein svak karakter på grensa til den under.

IMDb-logo
Filmfront-logo
X-Men: The Last Stand 2006 plakat - Filmdagbok