XOXO

Film · 2016 · · 6. september 2018
2/5

XOXO fortel historiene om seks forskjellige personar som er knytt til ein elektronisk dansemusikk-festival. Ein ung DJ, ein manager, ei håplaus romantisk jente, ein apatisk mann og eit par som slit. Vegane deira vil bli møtt på ein måte, og festivalen vil få ut det verste og det beste frå dei.

Med tanke på handlinga så er filmen passe typisk. Ingen av vendingane eller løysingane er sjokkerande eller oppfinnsame. Det same kan eg sei om karakterane. Skodespelarane gjer ein grei jobb. Brett DelBuono tronar øvst, mens eg forventa meir av Sarah Hyland frå Modern Family.

Det visuelle preget til filmen er tiltrekkande og engasjerande. Filmen evnar å fange ånden til festivalen på rett måte. Viss du likar EDM og er mest opptatt av det visuelle, så er XOXO for deg. Viss du er meir opptatt av ei god historie så sløyfar du han.

IMDb-logo
Filmfront-logo
XOXO 2016 plakat - Filmdagbok