Xtro

Xtro kom tilfeldigvis opp i søkeresultatet på plakaten for Return of the Living Dead III, og med eit fengjande handlingsreferat og eit sprekt monster tenkte eg at dette i verste fall måtte vere litt gøy.

Xtro viste seg å vere verken fengjande eller sprek. Han er langsam og dødfødd, men har gørr og grufulle hendingar og er litt for spesiell. Den mest minneverdige scena går ut på at ein vaksen mann blir fødd ut av ei kvinne som eit romvesen har tuklet med. Mildt sagt ei stor påkjenning og mykje blod.

Etter at Tony frå plakaten får draumen sin oppfylt får han overnaturlege evner til å mane fram ein klovn som finn på mykje faenskap i heimen, blant anna å drepe barnevakta. Skulle du vere redd klovnar kan dette vere ei god skrekkfilm for deg.

Forutan innslag av slike rare hendingar så har Xtro lite å gå på. Håplause folk og uinteressant gang i handlinga er kjerna i filmen som i beste fall klarer å oppnå ei ubehageleg stemning som eg ikkje set pris på.

Xtro 1983 plakat - Filmdagbok