Ye yan

Ye yan er ein kinesisk adapsjon av Hamlet av William Shakespeare. Det er eit kaldt og kjenslelaust drama med mektig musikk og nydelege bilde. Gjennomført med sikkert ynde er det flyten i rørslene som imponerer mest her, for når det kjem til dramaet blir det heile så stilistisk kaldt og perfekt at eg ikkje finn nokon å vise medkjensle for.

Eg kan skjønne om nokon vil gi meg juling når eg seier at dette blir for mykje av det gode, men regissør Xiaogang Feng køyrer på med for mykje sakte kino og meiningslause bilde. No skal eg ikkje nekte for at filmen inneheld nokon utrulege kampscener heller, og får fram kor viktig ære er for keisarskapet og adelen. Eg kunne derimot fint klart meg med halve filmen.

Ye yan 2006 plakat - Filmdagbok