Yeopgijeogin geunyeo

Sjølv om det var eit par scener som ikkje heilt blei forstått, tykte eg at filmen alt i alt var ein god romantisk komedie. Dei to eller tre første møta mellom mannen og kvinna i hovudrollene, bidrar til god latter.

Dei fleire tilfeldige møta føyer noko ekstra til ei standard oppskrift på romantiske komediar. Det gjer også den gjentakande aksepten frå mannen om å bli mishandla av kvinna. Du skjønnar ikkje kvifor han tar i mot dette, eller om han skjønner det sjølv. Han likar det ikkje, men kan ikkje noko for det. Det er ein måte å framstille romantisk kjærleik på.

Eg antar at denne filmen er like appellerande for begge kjønn. Sjangrar og kjønn er noko eg vanlegvis ikkje skil på. Den typiske haldninga om at menn likar ein type film, og kvinner ein annan, er tull. Men her tar eg denne meininga meir opp på bakgrunn av formidlinga av denne spenningen mellom dei to personane her. Og sidan det er vanskeleg å vere nøytral til dei to sidene gjennom filmen.

Yeopgijeogin geunyeo 2001 plakat - Filmdagbok