Yes Man

Film · 2008 · · 8. mai 2009
4/5

Yes Man er det beste Jim Carrey har gjort på fire år. Han er relativt ukomplisert, med eit like tydeleg tema som Liar Liar, men eg likte Yes Man betre.

Det er gjort plass til ei søt og rar Zooey Deschanel, som tilfører filmen sjarm der Jim Carrey tilfører djupne i sin oppgitte karakter.

Ting går av stabelen etter kvart, men dette blir aldri filmen som skal moralisere. At han ikkje skal moralisere betyr ikkje at han er utan stemme. Filmen har eit enkelt og fornuftig poeng. Komedien står likevel alltid i senter, og filmen køyrer løpet ut utan særskilde dødpunkt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Yes Man 2008 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jim Carrey (I)Zooey DeschanelBradley Cooper (I)Vis alle

Sjangrar