Yesterday

Musikaren Jack Malick blir utsett for ei ulykke. Når han vaknar opp så er det til ei verd kor musikkgruppa The Beatles aldri har eksistert.

Yesterday handlar om ein musikar som gjer det stor på å spele songar som ikkje er hans eigne. Men det er ingen andre som veit om det. Ingen har høyrt om The Beatles.

Eit av trekkplastera til Yesterday er Ed Sheeran i ei rolle som seg sjølv. Han gir Jack Malick eit springbrett til å ta verda med storm med musikken sin.

Det fine med denne filmen er ikkje det storslagne, men dei små sakene og dei viktige poenga. Jack sitt vennskap til Ellie. Kjensla han sit med når han utgir songane for å vere hans eigne. Yesterday har mange typiske grep frå hovudstraumsfilmar, og osar ikkje av originalitet. Det er ikkje Danny Boyle sin beste film, men ein solid film som gir to timar med god kjensle.

Ein annan fin ting med filmen er at han ikkje forhastar seg. Det er ei omfattande reise me følgjer Jack i, men ho stoppar på alle dei rette plassane. Om eg skulle etterlyse noko så var det endå meir dveling på den nye realitet Jack har hamna i. Og endå meir om Ellie, og Jack og Ellie.

Det er på ein god dag at eg rangerer Yesterday så høgt som eg gjer. Han er på mange måtar ein typisk film med brukte grep som ikkje overraskar. Men samtidig verkar han veldig gjennomtenkt og bevisst på vala sine som hovudstraumsfilm. Og når det treff meg så er eg fornøgd.

Yesterday 2019 plakat - Filmdagbok

Publisert

23. mai 2020 av

Regissør

Danny Boyle

Manusforfattarar

Jack Barth (I), Richard Curtis (I)

Skodespelarar

Himesh Patel, Lily James (I), Sophia Di Martino, Ellise Chappell, Meera Syal, Harry Michell, Vincent Franklin, Joel Fry (II), Michael Kiwanuka, Karma SoodVis alle 104 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Fantasi, Musikk, Musikal, Romantikk

Land

Storbritannia, Russland, Japan, USA

IMDb

IMDb-side om Yesterday