Yip Man 4

Film · 2019 · · 12. januar 2021
3/5

Den fjerde Yip Man-filmen er den siste i rekka. Med denne filmen får me eit avsluttande kapittel som baserer seg på ei levd legende innan kampsportverda. Yip Man var mannen som Bruce Lee blei lært opp av. Og i dei andre filmane har me vore gjennom mykje med denne karakteren.

I denne filmen handlar det om at Yip Man har blitt sjuk, og at han drar til San Francisco for å finne ein skule som sonen kan byrje på. Sonen har vore i mykje trøbbel heime i Hongkong, og Yip Man ønskjer å kunne sikre han ei god framtid. I San Francisco hamnar han derimot opp i meir enn ein konflikt. Både kampsportmiljøet i China Town-delen av byen, og ved ein militærbase, blir utfordringar han møter.

Yip Man 4 klarar både å røre litt ved kjenslene, samtidig som det er ein underhaldande kampsportfilm. Men han er også litt vel tydeleg på skildringa av Kina mot USA, og eg kan nærast tenke meg at kinesiske myndigheiter har pålagt filmen å ta med både det eine og andre. Dette er utelukkande spekulasjonar frå mi side, men me veit alle kva jerngrep kommunistlandet har på alt, inkludert Hongkong etter 1997.

Sett forbi politikken så likar eg Yip Man 4. Det er sopass lenge sidan eg såg dei andre filmane, at eg mest har rangeringane å støtte meg på. Ut frå dei og litt hukommelse så kan eg minst anbefale førstefilmen Yip Man frå 2008. Men likar du han så gjer du nok ikkje feil i å sjå dei andre Yip Man-filmane også.

Les også meldingar på www.rogerebert.com (engelsk) og asianfilmstrike.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Yip Man 4 2019 plakat - Filmdagbok