You, Me and Dupree

Første av tre filmar som eg hadde på programmet på Kinoens dag. Eg hadde planar om å sjå Paris, je t'aime som var blitt utselt, men eg skal ikkje klage på denne filmen. Han fungerte greitt som underhalding om eg ikkje skal legge noko meir i det enn å få meg nokon latterkuler.

Owen Wilson tar stort sett heile filmen på si kappe, med unntak av eit par gonger når Michael Douglas glimtar til. Verken Matt Dillon eller Kate Hudson gjer noko stort ut av seg.

Owen Wilson passar perfekt til ei slik rolle, og eg vil trekke denne fram føre Wedding Crashers og det han har gjort med Jackie Chan.

You, Me and Dupree 2006 plakat - Filmdagbok