You Will Meet a Tall Dark Stranger

Film · 2010 · · 22. august 2014
3/5

You Will Meet a Tall Dark Stranger er ein Woody Allen-film av varierande kvalitet. I meste fall over middels til god, men på enkelte område sviktar han. Ettersom det er mest av det positive, er det fornuftig å starte med.

Solide skodespelarar leiar an under den gode regien til Woody Allen. Er det ein ting som eg aldri har sett feile i ein Woody Allen-film, så er det hans evne til å få fram det beste i dei han har med seg. Og ofte er det blant dei mest kjente og beste skodespelarane han har med seg også.

Anthony Hopkins, Gemma Jones, Naomi Watts og Josh Brolin er dei mest framståande her. Det er fire liv og deira samliv, romantiske forhold og slikt som er det sentrale. Foreldra til Sally (Naomi Watts), Helena (Gemma Jone) og Alfie (Anthony Hopkins), er nyskilte. Sally og Roy (Josh Brolin) har mista gnisten i ekteskapet sitt. Delvis på grunn av humøret og livssituasjonen til Roy, som er prega av at han må ta ufrivillige jobbar mens han prøver å skrive ei oppfølgjarbok til ein tidlegare suksess.

Filmen er verken nyskapande eller stikk særleg djupt. Tonen er lett og ledig, trass i at filmen handlar om problematiske forhold. Affærar, jakta på den rette og forhold med aldersforskjell er greia. Og alle historiene heng i lag på fint vis gjennom familie som det sentrale tema.

Det at You Will Meet a Tall Dark Stranger tar ting litt lett gjer han mindre oppslukande. Det tar aldri av, men blir ei meir rett fram og mindre risikabel forteljing. Innimellom på kanten til uinteressant, men heldigvis er fleire av karakterane gode framstillingar av relativt normale folk.

Blant filmane til Woody Allen vil eg plassere denne blant dei som er lette å gløyme. Dette innlegget er skrive i samband med eit gjensyn, og det var ikkje langt unna å vere som å sjå filmen for første gang. Så her snakkar eg av erfaring. You Will Meet a Tall Dark Stranger har ingenting spesielt ved seg som gjer han lett å plassere.

Eg vil sei at han ligg cirka midt på treet i filmografien til Woody Allen som regissør og manusforfattar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
You Will Meet a Tall Dark Stranger 2010 plakat - Filmdagbok