You

2018–2018 / Serie
29. desember 2018
3/5

Penn Badgley er kanskje aller mest kjent for si rolle som Dan Humphrey i serien Gossip Girl. Der spela han ein tenåring vanlege kår som ønska å menge seg med eliten i New York. Han var ein triveleg og jordnær type, iallfall i byrjinga. Det er difor uvant å sjå han i serien You.

I You spelar Badgley ein forstyrra person med mørke sider. Karakteren hans, Joe Goldberg, er på overflata ein hyggeleg ung mann med gode manerar. Han jobbar til dagleg i ein bokhandel, mens han store deler av resten av døgnet forfølger ei jente som besøkte bokhandelen, og han hadde litt kjemi med.

Goldberg er altså ein stalker, og det til dei grader. Vrien som serien byrjar med og bygger på er at han lukkast i å skape kontakt med jenta frå butikken på nytt, og at dei blir kjende.

You har visse humoristiske element, mest fordi serien er dryg. Elles er han ubehageleg i form av at handlinga går så langt. Goldberg er litt som Dexter frå serien Dexter med litt sjarm, men han viser dei fæle sidene ved seg sjølv mykje fortare. Sjølv om You baserer seg på dei mørke sidene til ein person, og gjer underhaldning av fæle situasjonar på lett vis, emnar serien meg og til å tenke på kva som kan bli kjent gjennom ein persons digitale liv. Kva kan nokon få vite om deg ved å besøke nokre ulike delingstenester?

Serien er spennande oppbygd og kvar episode får meg til å ville sjå neste. Dei ti episodane i første sesong går på eit par dagar.

Videoanmeldelse

You 2018-2018 plakat - Filmdagbok

Annonse

Relaterte innlegg