Young Frankenstein

Film · 1974 · · 2. september 2006
3/5

Frankenstein gjenstår å få sett, men eg fekk likevel mykje ut av denne filmen. Med Peter Boyle som monsteret, Gene Wilder som Dr. Frankenstein og Marty Feldman som Igor så var iallfall skodespelarsida av filmen godt dekka.

Dr. Fredrick Frankenstein er barnebarnet til Henry Frankenstein, mannen bak det første monsteret. Han har teke stor avstand frå arbeid til bestefaren sin. Han har til og med valt å uttale namnet sitt Frankenstiin framfor Frankenschtein. Men skjebnen er ingenting å gjere med, og etter å endeleg ha fått tildelt arva etter bestefaren reiser han til Transylvania for å sjekke ut arva si.

I Transylvania finst det berre spesielle folk. Slik som Igor med dei store auga og pukkelryggen sin, som skular mot kamera med glimt i auge. Den tyske kvinnelege assistenten Inga er blond, pen og litt dum. Og hushalderska Frau Blücher, viss namn får hestane til å knegge, uansett kor det blir sagt i frå.

Filmen er i svart-kvitt, som ikkje var vanleg for komediar på 1970-talet, men som likevel passar godt til denne filmen. Eg hadde ikkje førestilt meg å sjå ein Frankenstein; or, The Modern Prometheus-film i anna enn svart-kvitt i grunn. Rett nok var ikkje Jesse James Meets Frankenstein’s Daughter svart-kvitt, men den filmen var heller ikkje mykje anna.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Young Frankenstein 1974 plakat - Filmdagbok