Younger

Serie
2015–2019
4/5

I Younger spelar Sutton Foster ei 40 år gammal kvinne, som forsøker å få seg ein god jobb i bokbransjen etter mange år som heimeverande mor. Mange avslag som følge av alderen og hol på CV-en, gjer at ho til slutt tek eit val. Ein ide om å late som at ho er 27 år gammal blir gjennomført, og ho landar ein jobb som assistent i eit forlag.

Dette er byrjinga på Younger, som til no har gått i seks sesongar. Dobbeltlivet blir ikkje lett for kvinna å handtere. Serien handlar om at ho gjer det ho kan ut av det. Komedie oppstår i mange situasjonar. Romantikken blir problematisk for ho, men er ein viktig del av serien.

Dette er ein lett og fin serie å sjå på, med korte episodar som fekk meg til å ha lyst å sjå neste med ein gong. Det er ikkje så ofte det skjer lenger, men eg såg meg gjennom dei seks sesongane fortløpande på så ikkje altfor mange veker. Karakterane er gode, og serien utviklar seg nok, samtidig som han har ei kjerne og ein stil som han held på. For meg hamnar Younger oppe blant dei gode New York-komediane. Berre ikkje heilt på topp.

  • Younger 2015-2019 plakat - Filmdagbok
  • Younger 2015-2019 plakat - Filmdagbok
  • Younger 2015-2019 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    31. januar 2020 av

    Skapar

    Darren Star

    Skodespelarar

    Sutton Foster, Miriam Shor, Hilary Duff, Debi Mazar, Nico Tortorella, Peter Hermann, Molly Bernard, Charles Michael Davis, Tessa Albertson, Dan AmboyerVis alle 446 skodespelarar

    Sjangrar

    Komedie, Romantikk

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om Younger