You're Not You

You're Not You handlar om ei kvinne som har ALS. ALS er ein nervesjukdom som angrip motoriske nerveceller i ryggmargen og hjernen. Det handlar om ein del ut i livet hennar der sjukdommen har komme eit stykke på veg, i ei tid då ho skal få seg ein pleiar til å hjelpe seg.

Den nye pleiaren blir ei uerfaren ung kvinne som tar med seg ein del problem, men som fort veks og utviklar seg til å bli ein god pleier.

You're Not You formidlar eit vennskap, ein læringsprosess og personleg drama. Dette gjer han ved å blande skikkeleg alvor med lettande humor, og det fungerer greit. Dette og skodespelarar eg har sansen for var faktorane som gjorde mest for meg her. Eg synst ikkje filmen klarte å røre på det djupaste, men humoren er på plass.

I den grad filmen er truverdig i si framstilling av ALS, noko eg fekk inntrykk av, men ikkje har sjekka, så lykkast han godt med å bygge opp et lett drama rundt dette. Utover dette så byr You're Not You på verken det heilt store eller det veldig dårlege, men legg seg trygt litt over midten på skalaen som ein grei film.

You're Not You 2014 plakat - Filmdagbok