You're the Worst

Serie
2014–2019
3/5

Når eg skal oppsummere fem sesongar av You're the Worst, så er det eit poeng som eg landar på. Og det er at rølp og irrasjonalitet har kortvarig glede i seriesamanheng.

Første sesong av denne serien var dryg og dermed underhaldande, men når serien haldt fram slik viste han fort at eit langvarig besøk innom denne måten å bli overraska på er kjedeleg. Andre seriar som er av same type er Broad City og Workaholics.

Men i håp om at serien kunne utvikle seg til å bli noko betre. Og etter kvart ein tanke om at serien var nær ei avslutting som eg kunne nå fram til. Så blei det til at eg såg vidare og fullførte You're the Worst.

You're the Worst er så dryg på destruktive personlegdomar at eg blir litt oppgitt av å sjå på han. Og sjølv om det ikkje skjer ei så altfor stor utvikling mot dei meir positive, så skjer det nok til at eg ser lyspunkt og vil halde fram. Karakteren Edgar er kanskje serien sitt sterkaste lyspunkt. Mens dei andre tek berre små steg i rett retning.

Serien handlar heller ikkje om positivitet. Eigentleg så veit eg ikkje kva som er kjerna til serien. Her er det mykje av alt, og lite om noko handfast. Det er små historier som er fletta saman, men få av dei gir eit inntrykk. Som om at dei ikkje er viktige, men kva sit me då igjen med? Dveling av status quo.

Årsaka til at eg rangerer serien midt på treet med 3 av 5, er på grunn av ei vektlegging av at første sesong gjekk greitt. Og at serien elles er ein midt på treet serie. Han er aldri veldig dårleg, men blir aldri veldig god. Med ein svakare første sesong ville eg nok ha vurdert serien eit hakk lenger ned, og gjort frårådinga tydelegare. Men alt eg kan gjere her er å prøve å få fram kva kjerna til serien er, og overlate resten til deg.

  • You're the Worst 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • You're the Worst 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • You're the Worst 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • You're the Worst 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • You're the Worst 2014-2019 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    10. juni 2020 av

    Skapar

    Stephen Falk

    Skodespelarar

    Chris Geere, Aya Cash, Desmin Borges, Kether Donohue, Allan McLeod (I), Todd Robert Anderson, Janet Varney, Brandon Mychal Smith, Darrell Britt-Gibson, Shane Francis SmithVis alle 383 skodespelarar

    Sjangrar

    Komedie, Drama, Romantikk

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om You're the Worst

    TV Time

    TV Time-side om You're the Worst