You're Welcome America: A Final Night With George W. Bush

Will Ferrell sin parodi av George W. Bush er den artigaste eg har vore borti hittil, utan at han liknar mest i utsjånad. I korte klipp gjer han seg veldig bra, men i lengda som i denne HBO-spesialen på ein og ein halv time blir det ikkje den heilt store opplevinga eg hadde håpa på.

Det går litt for lang tid mellom gongene han verkeleg tar George W. Bush på kornet, men det er i grunn det einaste som trekk ned. Resten av showet er eit underhaldande standupshow med gode og dryge historier, morosame poeng, og sjølvsagt litt barnsleg humor i Will Ferrell-ånd.

You're Welcome America: A Final Night With George W. Bush 2009 plakat - Filmdagbok