You've Got Mail

Film · 1998 · · 18. mai 2008
3/5

Tom Hanks og Meg Ryan spelar i den fine filmen You've Got Mail. Eg sjekka han ut på bakgrunn av at det er ein adapsjon av The Shop Around the Corner, som er ein fin film med James Stewart.

Kva skal eg sei? Eg var litt skeptisk til om dette heldt som romantisk komedie i to timar, men må sei meg fornøgd med filmen i ettertid. Filmen har ei god stemning store deler igjennom, har mange lyse, lune, humoristiske augneblinkar og treff i blant godt med triste episodar. Meg Ryan er flink til å hente ut noko ekte i desse episodane og tilfører filmen mykje Tom Hanks fungerer også.

Det som er sikkert er at eg koste meg og fekk lyst til å hente fram igjen andre romantiske komediar frå 1990-talet.

IMDb-logo
Filmfront-logo
You've Got Mail 1998 plakat - Filmdagbok