Zathura: A Space Adventure

Eg såg aldri Jumanji, men har lese at det er ein pissfilm. Zathura: A Space Adventure har eg derimot sett, og eg tykte at det er ein av dei betre eventyrfilmane for heile familien eg har sett på lenge. E.T. the Extra-Terrestrial kan bite i mi blanke metallrompe. Zathura: A Space Adventure bør bli sett, og må vere ein super film for barn.

Det er spennande scener som fengslar merksemda di til det ytste, og trass i at filmen følger kjente fotspor, så har eg ei lyst til å sjå variasjonane av terrenget undervegs. Musikken er ganske så typisk for sjangeren, og eg kan nesten vedde på at eg har høyrt temasongen før, så typisk er han. Men han fungerer, han også.

Når det kjem til fysiske lover, må du vere innstilt på å oversjå dei her. Og har eigentleg barn så mykje peiling på slikt? Du har ein brennande sofa i verdsrommet, og eit hus utan oppvarming – også i verdsrommet – som folk held seg inni utan å fryse i hel. Det er ingen luft i verdsrommet, og heller ingen varme. Men eg vil ikkje ta vekk noko av skrytet eg har gitt filmen på grunn av dette, eg vil heller anbefale han.

Zathura: A Space Adventure 2005 plakat - Filmdagbok