Zatôichi monogatari

Zatôichi monogatari er historia om ein blind sverdmann i tidlegare Japan. Ein meister som slåst betre enn mange som ser.

I dette som er den første av mange Zatoichi-filmar kjem mannen inn til ein liten landsby, der han blir gjest hjå ein gangster. Gangsteren har ein rival og fiende i ein nabolandsby, som provoserer fram ein lokal krig etter kvart.

I mellomtida blir me godt kjent med Zatoichi, fortida og verdiar hans, styrkar og reaksjonar han har til hendingane rundt seg. Han er ein gangster sjølv, men i koppelet med anna avskum står han fram som helten.

Dette er i stor grad ein stilfull film, som fortel historia gjennom snakking og små episodar. I avsluttinga får me ei stor kampscene, men før dette får me berre små demonstrasjonar.

Kulturforskjellar gjer at eg sjeldan kjem heilt under huda på eldre japansk film, og dermed går glipp av det emosjonelle aspektet. Sett forbi dette likte eg Zatôichi monogatari som film, men ei ekstraordinær førestilling blei det altså ikkje.

Zatôichi monogatari 1962 plakat - Filmdagbok