Zelig

Film · 1983 · · 21. februar 2008
4/5

Tulledokumentaren om kameleonmannen Leonard Zelig, som forandrar personlegdommen til å likne folka han omgir seg med, er utført som god blanding av filmavis, tv-dokumentar med intervju og arkivfoto. Det er aldri tvil om at Woody Allen har peiling på sitt medium. Zelig framstår framleis, over 20 år etter, som friskt redigert.

Faktisk så godt at eg gir han status som min favoritt blant tulledokumentarer. Woody Allen spelar Zelig som fot i hose, typisk nok ein noko nevrotisk person. Me blir kjent med han på avstand og litt om gangen, slik som dokumentarfilmar gjerne fortel oss om historiske personar. Det passar godt.

Med ei speletid på rundt 70 minuttar er Zelig også interessant heile vegen frå starten til enden av filmen.

Zelig 1983 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Woody AllenMia FarrowPatrick Horgan (I)Vis alle

Sjanger

Land