Zombieland

Film · 2009 · · 27. oktober 2009
4/5

Jesse Eisenberg går frå Adventureland til Zombieland, men forblir den patetiske hovudrolla som har hamna i ein ufrivillig og kjedeleg situasjon.

Zombieland er ei blanding mellom bilturfilm og splatter. Trass i tittelen er det lite fokus på levande døde som anna enn eit farleg irritasjonsmoment som står i vegen under bilturen. Sjølv om irritasjonsmoment blir litt feil, for nedslaktinga er blant det beste filmen byr på. Dette og andre visuelle godbitar gjer at tynne replikkar, deriblant mange dårlege setningsvitsar, ikkje blir så brysame.

Zombieland er levande hjernedød underhaldning, men også for lineær og uskyldig, og manglar djupne.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Zombieland 2009 plakat - Filmdagbok

Land