Zoolander 2

Film · 2016 · · 22. oktober 2016
2/5

Zoolander 2 er ein oppfølgjar eg både har venta på og hadde få forventningar til. Zoolander frå 2001 er ein fornøyeleg komedie som har halde seg godt, både på grunn av morosame dumskapar og fordi han er eit godt resultat av tidsperioden.

Zoolander 2 har nokon morosame dumskapar, men manglar mykje anna. Han er på ingen måte aktuell, sjølv om han prøver med si selfie-tilnærming. Handlinga er mykje meir omfattande, og fallhøgda er større. Ei fallgruve oppfølgjarar ofte går i, då det herskar ein tanke om at same greia, berre større, er betre.

I tillegg verkar det som filmen ønsker å bli tatt seriøst på nokon innslag, som verkar litt malplassert blant alt tullet.

At skodespelarane er 15 år eldre er ei sak som fungerer, og kunne ha blitt gjort meir ut av. Kanskje. Blant det interessante ved Zoolander frå 2001 var at filmen retta blikket mot sine eigne karakterar og deira bransje. Men Zoolander 2 manglar denne innsikta, og blir meir om sirkuset rundt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Zoolander 2 2016 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Justin BieberJon Daly (III)Penélope CruzVis alle

Sjangrar

Land