Zui quan

Film / 1978
4/5

Zui quan eller Drunken Master ein sprek kampsportfilm med Jackie Chan. Han spelar ein ung mann og ein villstyring som finn på ein del ugagn. Når faren blir klar over dette, straffar han sonen med å kontakte meistaren So, for at sonen skal bli trent opp i eit år hjå mannen.

So er kjent for sin rusa slåststil, og har alltid vinkrukka i handa. Han trenar den unge mannen hardt, og den unge mannen gjer stadig motstand. Inntil ting endrar seg.

Store deler av Zui quan består av innslag av wushu-slåsting. Eg skulle tru at eg kom til å gå lei, men gjennom heile filmen var det stadig like interessant å sjå slåstinga. Historia er ikkje spesielt komplisert, men det gjer ikkje noko. Jackie Chan har ein stil som er så dynamisk at det verkar som akrobatikk i like stor grad som slåsting.

I utgåva eg fekk tak i, var lydsporet ei blanding av kantonesisk og engelsk. Midt i ei scene kunne dei som snakka endre språk frå sitt opprinnelege språk til å bli dubba engelsk. Det var rart og uvant, men ein sak eg blei fort van til. Og sidan filmen i liten grad er drive av dialogen, så var det ikkje så nøye.

Det er mange enkle wushu-filmar der ute med god slåsting. Og sikker fleire som også har ei betre historie enn Zui quan, men kombinasjonen av Jackie Chan, komedie og slåsting i fylla var så god at eg godt kan anbefale denne.

Zui quan 1978 plakat - Filmdagbok