Zui yao yuan de ju li

Hadde nokon bedt meg samanlikne stilen til den taiwanske Jing-Jie Lin med ein annan regissør hadde eg valt Ki-duk Kim. Zui yao yuan de ju li er en poetisk film om lyd og kjærleik.

Xiaotang sender lydopptak til adressa som han trur ekskjærasten framleis bur ved. Der har derimot Acai flytta inn, og ho opnar etter kvart konvoluttane og forelskar seg i lydopptaka.

Den tydelegaste forskjellen eg finn mellom Jing-Jie Lin og Ki-duk Kim, ved å sjå på Zui yao yuan de ju li opp mot dei av filmane til Ki-duk Kim som eg har sett, er at denne filmen inneheld humor som verkemiddel. Likevel er det ein vakker og trist film, vakker i både bilde, lyd og menneske, trist i kjærleiken. Som tittelen hintar til handlar dette om avskilte livsforløp, men likevel så tett knytt at det nærast gjer vondt å følge desse personane som lengtar etter noko meir og som me veit kunne ha passa i lag.

Zui yao yuan de ju li 2007 plakat - Filmdagbok