Plakat for 100 Years at the Movies

100 Years at the Movies

Denne Turner Classic Movies-produksjonen med nesten eit hundreår av stort sett amerikansk film, heilt fram til Schindler's List, går unna.

Det byrjar i kronologisk rekkefølgje, men hoppar litt i tid i midten, før det til slutt endar opp i kronologisk rekkefølgje mot slutten.

Det er nemneverdige manglar. Citizen Kane manglar, trass i at han er nemnt som den beste filmen dei siste hundre åra av American Film Institute. Andre storfilmar som The African Queen og Some Like It Hot blir heller ikkje nemnt. Og ingen action eller animasjonskortfilmar er med.

Men 100 Years at the Movies held interessa oppe, og gjer deg nysgjerrig på kva filmklipp som er det neste som blir vist.

100 Years at the Movies (1994) – Filmdagbok