Island er eit merkeleg land, isolert frå resten av verda og med ei sterk kjensle av den tradisjonelle identiteten sin. Men òg velståande, liberal og med eit rykte for hedonisme.
101 Reykjavik, oppkalla etter eit distrikt i hovudstaden kjent for nattklubbar, tek eit skeivt blikk på samfunnet og ser på det gjennom augo til Hlynur, ein deprimert og barnsleg ung mann som bur heime hjå mora si.
Hlynur verkar som ein sær islandsk antihelt. Samanhengen mellom karakterane og deira bustad blir ein artig komedie som er særeigen og har ei autentisk kjensle. Sjølv om det verkar litt overraskande kor mykje kvinneleg merksemd den sosialt defekte Hylnur er i stand til å tiltrekkja.
Det er meir sofistikerte filmar der ute, men 101 Rekjavik er underhaldande og verd å sjå. Spesielt anbefalt til alle som lurer på korleis det kan vere å bu på ein merkeleg stad som staden som er skildra her.