Tolv jurymedlemmar held skjebnen til ein ung gut i hendene. Kva vil dei gjere?
Først og fremst vil dei kome seg heim, så elleve av dei stemmer for skuldig. Dette skjer heilt i starten av filmen, og eg ser ikkje på det som ei stor avsløring å gi denne opplysninga i ei filmmelding. Ein gjenverande herremann, som utanfor kamera går under namnet Henry Fonda, stemmer i mot.
Vidare følger ein lang diskusjon med høgt temperament om bevisvurdering, klargjering av personlege synspunkt og heile pakka.
Det skal godt gjerast å lage ein heil film utelukkande basert på samtale i eit rom. Miljøet i 12 Angry Men er eit enkelt rom, utanom opningsscena som er i ein rettssal. Når steinane først byrjar å rulle treng du ikkje anna enn snakking for halde interessa her, iallfall gjer ikkje eg det. Her er det livet til ein drapsmistenkt 18-åring det er snakk om, og korleis kan dei sende han i den elektriske stolen utan å diskutere først? Det er poenget til Henry Fonda-karakteren.
For å setje poenget med samtalefokuset på spissen: Mange gode tv-drama har mest snakking, i ulike miljø for å gi litt variasjon, men det er framleis snakking som skapar handlinga. Avvik finst i spenningsseriar, det vil eg ikkje utelukke, avvik finst. Men i stor grad er det mykje snakking.
12 Angry Men klarar å gjere jobben utelukkande ved at tolv sinte og engasjerte menn diskuterer ei drapssak i eit avsperra rom gjennom ein og ein halv time utan at det blir kjedeleg. Engasjementet mitt får temperaturen i hovudet mitt til å stige og eg opparbeider verkeleg meiningar om det som skjer på skjermen. 12 Angry Men er ingen passiv popcornfilm, tvert i mot, og aktiviteten han skapar gjer han til ein utruleg bra film.