12 Dates of Christmas er som Groundhog Day, men går føre seg på julaftan. Og han er på langt nær så god som Groundhog Day. Med det meiner eg at den same dagen blir gjenteken, om igjen og om igjen. Tolv gonger for å vere presis, akkurat slik som tittelen seier.
Amy Smart er stjerna i denne tv-filmen, laga for det amerikanske tv-nettverket ABC. Ho gjer sitt beste ut av det som er ein overraskande grei film. Etter å ha å starta julefilmsesongen i år med ufriviljug komedie og dårleg skodespel i The Christmas Card, så var ikkje forventningane høge i forkant av denne julefilmen.
12 Dates of Christmas er ei enkel sak, og det merkast at formålet aldri har vore å score poeng for originalitet. Komedien er ikkje filmen si sterkaste side, og det romantiske tek lang tid før det sit. Det er nesten sjølvsagt at filmen er full av klisjear, men det går også greitt, det er den type film. Mot slutten var eg passe lei gjentakingane av dagane, men tykte likevel at filmen blei avrunda på ein fin måte.
Gitt at dette er ein enkel tv-film er han midt på treet. Eg ser ingen grunn til å anbefale filmen. Den gode kjensla som eg eigentleg er på jakt etter i denne type julefilm er ikkje nok til stades her.