
12 Years a Slave
Historia om Solomon Northup som vert kidnappa i nord, frakta til sør i USA, og selt som slave, er ei dyster og sann historie. Chiwetel Ejiofor har hovudrolla, og gjer ein fantastisk god jobb.
Temaet er alvorleg og viktig å vite om, og filmen formidlar ei framstillinga av tilhøva rundt slaveriet som sannsynlegvis er nær sanninga.
Men eg klarer ikkje rista av meg at dette er ein litt for perfekt alvorleg film. Det er ingen overraskingar. Handlinga flyttar seg som etter ei oppskrift frå eine grufulle hendinga til den andre. Solomon møter akkurat den motstanden eg forventar heile vegen. Han er akkurat heldig nok i eit tilfelle, uheldig nok i ein anna, smart nok her og dum nok der.
Valet av tema i seg sjølv er nok til at filmen tiltrekker seg Oscar-prisar, men filmen fekk altså tre. Ei stor bragd.
Eg likte 12 Years a Slave til ein viss grad, og synest verken valet av tema eller innhaldet er dårleg på nokon måte. Det er arbeidet bak han eg til dels henger meg opp i. Filmen har ingen særpreg som gjer han ekstra interessant, og resultatet er at eg vert ein passiv publikummar. Eg har kome fram til at dette ofte har med at eg har sett ein god del film før, og terskelen for å imponere med noko spesielt er høgare.
Daniel Cook Johnson på Film Babble Blog (filmbabble.blogspot.com) opplever forma langt sterkare enn eg gjer. Han meiner dei lange takingane og dei uthaldne bilda gjer lidinga personleg og nær, med Chiwetel Ejiofor som eit avgjerande sentrum. Skodespelet er me samde om. Men der han blir dregen tett inn i opplevinga, sit eg oftare att og ser kor nøye dei dramatiske stega er lagde opp.
Med dei tre Oscar-statuettane filmen har fått burda eg kunna forventa meir, men eg gjorde ikkje det. Og sånn sett vart eg heller aldri skuffa.
