12 Years a Slave - Filmdagbok

12 Years a Slave 2013

Historia om Solomon Northup som vert kidnappa i nord, frakta til sør i USA, og selt som slave, er ei dyster og sann historie. Chiwetel Ejiofor har hovudrolla, og gjer ein fantastisk god jobb.

Temaet er alvorleg og viktig å vita om, og filmen formidlar ei framstillinga av tilhøva rundt slaveriet som sannsynlegvis er nær sanninga.

Men eg klarer ikkje rista av meg at dette er ein litt for perfekt alvorleg film. Det er ingen overraskingar. Handlinga flyttar seg som etter ei oppskrift frå eine grufulle hendinga til den andre. Solomon møter akkurat den motstanden eg forventar heile vegen. Han er akkurat heldig nok i eit tilfelle, uheldig nok i ein anna, smart nok her og dum nok der.

Valet av tema i seg sjølv er nok til at filmen tiltrekkjer seg Oscar-prisar, men filmen fekk altså tre. Ei stor bragd.

Eg likte 12 Years a Slave til ein viss grad, og synst verken valet av tema eller innhaldet er dårleg på nokon måte. Det er arbeidet bak han eg til dels hengjer meg opp i. Filmen har ingen særpreg som gjer han ekstra interessant, og resultatet er at eg vert ein passiv publikummar. Eg har kome fram til at dette ofte har med at eg har sett ein god del film før, og terskelen for å imponera med noko spesielt er høgare.

Med dei tre Oscar-statuettane filmen har fått burda eg kunna forventa meir, men eg gjorde ikkje det. Og sånn sett vart eg heller aldri skuffa.