Hopp til hovedinnhold
Plakat for 127 Hours (2010)

127 Hours

Film
4

Ein fyr legg ut på ein klatretur i nokon dalar i Utah i USA. Ei ulykke fører til at han set seg fast, og vert sittande fast i fem dagar.

127 Hours er ei historie kor tida sakte renn ut. Det er ein kamp mot klokka, og det er spennande i form av filmen si avgrensing og sin forteljarteknikk.

Tida før dei fem dagane har gått blir brukt til å tenke tilbake på livet, og om ideen hans til å kome seg laus er verd forsøket.

Det er ikkje så mykje meir å seie om 127 Hours enn at det er ein god film. Han er på 90 minuttar, som òg er av passe lengd. Og det er måten filmen blir bygd opp på som gjev både ein dramatisk effekt og ei naudsynt spenning.

Chase Kahn på The Glorious Ninth (thegloriousninth.blogspot.com) meiner dei konkrete detaljane om smerte og overleving er sterkare enn forsøka på å gi historia eit djupare kjenslemessig innhald. Den pågåande stilen hindrar han i å bli verkeleg rørt. Eg får meir att for måten filmen er fortald på. Avgrensinga til ein fastlåst kropp blir sjølve utgangspunktet for spenninga, og den stramme lengda held trykket oppe.