Ein fyr legg ut på ein klatretur i nokon dalar i Utah i USA. Ei ulykke fører til at han set seg fast, og vert sitjande fast i fem dagar.
127 Hours er ei historie kor tida sakte renn ut. Det er ein kamp mot klokka, og det er spennande i form av filmen si avgrensing og sin forteljarteknikk.
Tida før dei fem dagane har gått blir brukt til å tenkja tilbake på livet, og om ideen hans til å koma seg laus er verd forsøket.
Det er ikkje så mykje meir å seia om 127 Hours enn at det er ein god film. Han er på 90 minuttar, som òg er av passe lengd. Og det er måten filmen blir bygd opp på som gjev både ein dramatisk effekt og ei naudsynt spenning.