Hopp til hovedinnhold
Plakat for 16-love (2012)

16-love

Film
2

Ei jente har via heile livet sitt på å verte god i tennis. Då ho forstuar ankelen sin, får ho auga opp for verda utanfor tennisbana.

16-Love sitt forsøk på denne problematikken er like enkel som den prøvde humoren med tittelen. Dette er stort sett så midt på treet at det går an å sjå, men gjev ikkje noko. Eg vil likevel ikkje avfeia heile filmen, eit par gode dramatiske scener løftar han så vidt over dårleg.

Filmen får ei mildare vurdering av Yes/No Detroit (yesnodetroit.com). Omtalen finn heller ikkje så mykje å le av, men meiner den søte kjærleikshistoria og tennisscenene gir nok å heie på. Nokre av bifigurane blir derimot opplevde som unødvendige og irriterande. Eg får mindre igjen for den lette forma. Dei få gode stundene er ikkje nok til å gi meg eit sterkt forhold til verken karakterane eller det dei prøver å oppnå.

Anten 16-Love er tv-film eller videofilm, så gjev heile produksjonen dette hastige uttrykket av godt nok, og ferdig med det.

Med andre ord er det lite grunn til å sjå denne ungdoms- og sportsdramakomedien. Grunnen min til å sjå filmen? Han låg som anbefaling etter min førre sedde film, og eg var klar for lett underhaldning. Men eg skulle ha brukt litt meir tid på å finne det.