Ei jente har via heile livet sitt på å verta god i tennis. Då ho forstuar ankelen sin, får ho auga opp for verda utanfor tennisbana.
16-Love sitt forsøk på denne problematikken er like enkel som den prøvde humoren med tittelen. Dette er stort sett så midt på treet at det går an å sjå, men gjev ikkje noko. Eg vil likevel ikkje avfeia heile filmen, eit par gode dramatiske scener løftar han så vidt over dårleg.
Anten 16-Love er tv-film eller videofilm, så gjev heile produksjonen dette hastige uttrykket av godt nok, og ferdig med det.
Med andre ord er det lite grunn til å sjå denne ungdoms- og sportsdramakomedien. Grunnen min til å sjå filmen? Han låg som anbefaling etter min førre sedde film, og eg var klar for lett underhaldning. Men eg skulle ha brukt litt meir tid på å finna det.