18 Again! - Filmdagbok

18 Again! 1988

Slutten av 1980-talet såg fleire samtidige lanserte filmar om kroppsbyte. Såkalla kroppsbytefilmar, der to personar byter kropp, eller kroppen byter alder. 18 Again! er av den første typen, og det er ein 18 år gammal gut og hans 81 år gamle bestefar som byter kropp.

Som tittelen hintar til, så er det bestefaren i den 18 år gamle kroppen som er midtpunktet til filmen. Dagen etter Jack Watson (George Burns) fyller 81 år, og påpeikar at han har levd eit godt liv og hatt alt, bortsett frå å verta ungdom igjen, så hamnar han og barnebarnet David Watson (Charlie Schlatter) i ei ulykke. Kroppen til Jack med sinnet til David vert liggjande i koma, medan Jack får leva ungdomen igjen i kroppen til David.

Filmen er ikkje spesielt komplisert, men han leverer over min forventing god komedie heile vegen. Det er òg ein del lur humor, små glimtar. Mykje takka vera luringen George Burns, og Charlie Schlatter si flotte tolking av George Burns når sinnet til Jack er meint å vera i kroppen til unge David.

I tillegg til god komedie leverer filmen òg tilfredsstillande løysingar på utfordringane undervegs, utan å verta usmakeleg eller irriterande. Òg her forventa eg simple problem med overdrivne løysingar, i enklaste 1980-talstil.

Domen er utelukkande positiv. Eg har sansen for kroppsbytefilmar, og ser gjerne dårlege, men 18 Again! er altså ein av dei solide, moglegvis gløymde, og ein å setja på lista å sjå.