2 Days in New York er oppfølgjaren til 2007-filmen 2 Days in Paris. Det er Julie Delpy som står for regien og hovudrolla i filmen, som handlar om ei fransk kvinne og hennar sambuar over ein periode på to hektiske dagar.
Sambuaren er spelt av Chris Rock, dei har kvart sitt barn og har det travelt nok før faren til Marion (Julie Delpy), søstera hennar og typen til søstera kjem på besøk. Språkforvirring, kulturkrasj og vanlege samlivsproblem i ein stressa kvardag kjem til overflata.
Dette er ein film som er drive av karakterane, og ikkje av noko sterk handling. Eg har sansen for sånne filmar, viss dei er godt laga. 2 Days in New York er god nok, men ikkje blant dei beste. Han er interessant så lenge han varer, men er ikkje ein film til ettertanke. Nok interesse for karakterane vert skapt til å halda det gåande, og det er fleire humoristiske innslag til at dette fungerer som ein komedie.
Det som vart sagt og gjort i 2 Days in Paris beit eg meg aldri nok merke i til å hugsa det, og eg ser for meg at 2 Days in New York over tid hamnar i ein liknande situasjon. Det tyder nødvendigvis ikkje noko, men gjev ein viss indikasjon på at dette er karakterdrive, og ikkje handlingsdrive, som eg nemnde lengre oppe.