2 Fast 2 Furious - Filmdagbok

2 Fast 2 Furious 2003

I denne andre filmen av The Fast and the Furious-franchisen er Brian O'Conner (Paul Walker) ikkje lenger politi.

I lag med ein venn og tidlegare svindlar dannar han ei gruppe med føremål om å ta knekken på ein fyr involvert i narkotika i Miami. Ikkje for å drepa han, berre få han arrestert.

Ein del av planen består av raske bilar, som er det Brian held på med etter å ha flytta til Miami sjølv på grunn av trøbbelet han hamna i, i The Fast and the Furious.

Som med den første filmen fell ikkje dette heilt i smak. Det vert litt for tullete når det blir prøvd å vere tøft. Eg har ikkje noko i mot historia og spenninga, som er innanfor, men det andre trekk ned.